Frisklivstenester

Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 beskriv kommunen sitt ansvar når det gjeld frisklivstenester: Kommunen skal ved yting av helse- og omsorgstenester fremje helse og søke å førebyggje sjukdom, skade og sosiale problem. Dette skal mellom anna skje ved opplysing, råd og veiledning. Vågå kommune har ikkje frisklivssentral, men yter frisklivstenester.Klikk for stort bilde.

Det skal vera velferds- og aktivitetstiltak for born, eldre og funksjonshemma og andre grupper som har behov for det.»  Døme på tiltak i Vågå kommune :

  • Lågterskelaktivitetar ute for born og unge (til dømes akedagar, tilrettelegging av skøytebane og andre aktivitetsarenaer, "Aktiv sommarferie")
  • Ungdomsklubb og ungdomsfritidsordning
  • Veiledning og tilrettelegging for eit friskare liv ; fysisk aktivitet, sosial aktivitet, stress, søvn, skjermbruk, kosthald og mat og rusførebyggjing 
  • Aktivitetar gjennom den kulturelle spaserstokken for seniorar
  • Førebyggjande samtaler for seniorar over 75 år