Områdeplan
Vågå kommune varslar no oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for ei områderegulering av Vågåmo. Essensen er at ein områdeplan skal vere såpass detaljert at den opnar for å sette i gang tiltak utan vidare detaljregulering. Planprogrammet er no lagt ut til høyring, samtidig med varsel om oppstart.
Planavgrensinga ser du i dette kartet:
Plangrense for områdeplan Vågåmo
Vågå kommune
NB! Har du motteke varsel om oppstart av planprosessen, så er det ikkje slik at dette vil berøre deg direkte. Dei aller fleste innafor det definerte planområdet vil ikkje kome i befatning med aktivitetar eller tiltak knytt til flaumsikringsprosjektet.
Masterplan
Det er gjort eit stort stykke arbeid med ein stadutviklings-/masterplan for Vågåmo (PDF, 7 MB), som seier noko om kva vi ser for oss i framtida når det gjeld utvikling av lokalsamfunnet. Dette heng saman med dei øvrige planane som no blir lagt med tanke på flaumsikring, og det blir lagt opp til å innarbeide overordna føringar for sentrumsutviklinga i områdeplanen nettopp med bakgrunn i masterplanen.
Avgrensing masterplanområdet.png
Vågå kommune
Flaumsikringsprosjektet
Vi har ei eiga temaside om flaumsikringsarbeidet av Vågåmo, der du kan finne meir informasjon fortløpande etter kvart som arbeidet går framover.
Desse tre delane speler difor saman i prosessen framover mot eit flaumsikra Vågåmo. Med ei flaumsikring vil og lokalsamfunnet bli 'friskmeldt' med tanke på vidare utvikling for private aktørar, næringsliv og kommune.
Ope kontordag og ope informasjonsmøte
28. august blir det arrangert open kontordag (kl 12.00 - 16.00) og eit ope informasjonsmøte (kl 18.00 - 20.00), båe delar på Vågå kulturhus, der du kan treffe representantar for NVE og Vågå kommune, om du har spørsmål rundt flaumsikringsprosjektet.