Vil du vere med å utvikle Ullinsvin?

Galleri Ullinsvin søkjer etter ein prosjektleiar til økonomistyring, sal og marknadsføring.

Samarbeidsutvalet i Ullinsvin. Galleri Ullinsvin

40% stilling

Prosjektstilling Galleri Ullinsvin

Vil du vere med å utvikle Ullinsvin? 

Galleri Ullinsvin i Vågå er i ei positiv utvikling og har mange spanande planar framover. Vi ynskjer no å styrke bemanninga med ein medarbeidar i 40 % stilling i eitt år med moglegheit for forlenging – og søkjer deg som har kompetanse, handlekraft og eit brennande engasjement for Ullinsvin og Vågå. 

Galleri Ullinsvin opna i 2019. Med den urgamle prestegarden som i Vågå som rame, inviterer galleriet til kunstutstillingar og tilhøyrande aktivitetar. I samarbeid med øvrige aktørar på
staden, tilbyr Galleri Ullinsvin både kunst, kultur og historie frå gamal og ny tid. Galleri Ullinsvin skal formidle kunst og kultur på nasjonalt og internasjonalt nivå, og knyte Vågå til
den store verda! Ullinsvin skal samstundes vere ein sosial og kulturell samlingsstad for Vågå og Gudbrandsdalen sine innbyggjarar.

Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene i stillinga er mangfaldige, men vil i fyrste omgang vere knytt til økonomi, sal og
marknadsføring. Du må og ta vaktar i galleriet, rigge opp og ned utstillinger og bidra i samband med arrangement.

Du vil jobbe tett med dagleg leiar for Galleri Ullinsvin, og det er ynskjeleg med noko fleksibilitet ifht fordeling av stillingsprosent gjennom året.
 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning og/eller erfaring med sal, marknadsføring og/eller økonomi
  • Kjennskap til samtidskunst er ein fordel

Erfaring frå liknande oppgåver/område er ønskjeleg, men ingen føresetnad

Personlege eigenskapar:

  • Engasjement for kunst og kultur
  • Må kunne arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt og initiativrik
  • Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar
  • Gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Moglegheit for å få vere med og utvikle Galleri Ullinsvin
  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
  • Løns- og arbeidsvilkår etter nærare avtale

Søknadsfrist:

 

Søknad skal sendast på post@ullinsvin.no innan 5.1.2024

Rask oppstart i stillinga er ønskjeleg.

Spørsmål?

Ta kontakt med dagleg leiar for Galleri Ullinsvin: Tora Sandbu på telefon 948 70 689 eller e-post: post@ullinsvin.no

www.ullinsvin.no