Ledige stillingar som barnehagelærar ved Lalm barnehage 2026/2027 - Vågå kommune

Ledige stillingar som barnehagelærar ved Lalm barnehage 2026/2027

Alle barn og unge i Vågå skal oppleve at dei har eit trygt, godt og inkluderande oppvekst- og læ ringsmiljø for å unngå at dei fell utanfor i skule, barnehage og på fritida. Vågå kommune skal ha ein solid kultur for inkludering og fellesskap for alle barn gjennom gode oppvekstvilkår og gode arenaer for læring og utvikling.
(Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå). 

Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km øst for Vågåmo sentrum. 
Avdelingane er: Humlebolet 1 åringar, Revehiet 2 åringar og Bjørnehiet 3-5 åringar. 

For neste barnehageår har vi ledig desse stillingane ved Lalm barnehage:

  • 100% fast stilling som barnehagelærar/pedagog.
  • Inntil 100% svangerskapsvikariat som barnehagelærar/pedagog. 

     

Arbeidsoppgåver

  • Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna.
  • Ha medansvar for endrings – og utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel.
  • Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
  • Samarbeide tett med kolleger om å løyse barnehagen sine oppgåver.
  • Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar. 
  • Gjennomføre foreldresamtaler.
  • Arbeide i tett tospann med pedagogisk leiar.


Kvalifikasjonar

  • Bachelor som barnehagelærar.
  • Anna relevant pedagogisk eller barnefagleg utdanning kan òg bli vurdert.
  • Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt 


Personlege eigenskapar
Vi verdsett mangfald, ønskjer at du tek ansvar og bidreg i utviklinga av barnehagen. 
Vi ser etter ein person som:

  • Har evne til å ha ansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa.
  • Er ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel.
  • Har gode samarbeidsevner og kan samarbeide godt i team.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål.
  • Har eit glødande engasjement for barna.
  • Er kunnskapssøkande, oppteken av fagleg utvikling og vidareutvikling av barnehagen.
  • Ønskjer å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis.
  • Har uteglede og har evne til å inspirere barna i natur og uteaktivitetar.

     

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling.
  • Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring.
  • Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler.
  • God pensjonsordning.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknadsfrist: 3.mai 2026


Nærare opplysingar får du ved å kontakte styrar: 

Elise Beate Øien – Lalm barnehage tlf. 95 06 72 43,

elise.beate.oien@vaga.kommune.no

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.