Denne fagarbeidarstillinga vil i hovudsak bli knytt opp mot enkeltelev, der ein både vil vera inne i klasseundervisninga og ute med andre opplegg.
Vågå ungdomsskule vil skuleåret 25-26 ha 112 elevar.
Vågå kommune er MOT-kommune. Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.
I tillegg kan det bli ledig fleire fagarbeidarstillingar, avhengig av behov som kan koma fram til skulestart. Det gjeld for både Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule.
Vi søker etter fagarbeidar(ar) som kan vera ein trygg og tydeleg vaksenperson i klasserommet og i skulekvardagen, og som kommuniserer godt med ungdom. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Våre overordna mål er:
- Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
- Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillingane får du ved å kontakte:
Helen Øygarden– rektor Vågå ungdomsskule. Tlf. 91194130,
e-post: helen.oygarden@vaga.kommune.no
Søknadsfrist 03.05.2026
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.