I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med fysisk og psykisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing.
Hjå oss vil du arbeide i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.
Som nattevakt har du ei nøkkelrolle i å sikre kontinuitet, tryggleik og stabilitet for tenestemottakarane gjennom natta. Arbeidet består av både roleg tilstedeværelse og handtering av situasjonar som kan oppstå. Du arbeider sjølvstendig, men er ein viktig del av eit større team.
Som nattevakt:
- Sørgjer du for tryggleik og ro i løpet av natta, og er tilgjengeleg for bebuarane ved behov
- Du fylgjer rutinar og observasjonar, og dokumenterer relevante hendingar i tråd med gjeldande retningslinjer
- Du handterer uforutsette hendingar på ein roleg og profesjonell måte
- Du utførar praktiske oppgåver som legging, tannpuss, stell etter behov, tilsynsrundar og førebuingar til morgonen
- Du bidreg med omsorg, struktur og stabilitet
- Du samarbeider med dag- og kveldspersonalet for å sikre oppfylging av bebuarane.
- Du deltek i rapport morgon og kveld
Vi søkjer deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
Arbeidet går føre seg i turnus på natt med arbeid 3. kvar helg.
Stillingstorleik: 71%.
Kvalifikasjonane dine:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar.
-
Det er ein fordel om du innehar:
- Kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
- Kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande
- Erfaring frå helse, omsorg eller miljøarbeid
Eigenskapane dine:
- Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
- Trygg, ansvarsbevisst og evnar godt å arbeide sjølvstendig
- Kreativ og endringsviljug, samt lojal mot planar.
- Evnar å halde hodet kaldt i situasjonar som krev handling
- Evnar å møte menneskjer med respekt og varme
- Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
- Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
- Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Ein viktig og meiningsfylt jobb der du utgjer ein forskjell
- Arbeid i tverrfagleg team.
- God opplæring og støtte frå eit tverrfagleg team
- Kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema, . Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 05.04.2026
Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av avdelingleiar Live Stormyr tlf. 488 57 517.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.vaga.kommune.no eller www.vågåleve.no.