Læreplassar i Vågå kommune hausten 2026

Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida. Frå hausten 2026 har kommunen inntil åtte ledige læreplassar som:

Helsefagarbeidar

Institusjonskokk

Barne- og ungdomsarbeidar

Dataelektronikar eller IT-driftsarbeidar

Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 kan søkje. Lærlingen vil få rettleiing og oppfølging av kompetente fagfolk. Vågå er ein stor og profesjonell arbeidsgjevar som har lang tradisjon i å utdanna lærlingar. 

Lærlingane blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 månader, med oppstart august/september 2026, eller etter avtale med tenestestaden.

For meir opplysningar kontakt lærlingkoordinator Mona Sveen tlf. 996 93 818, e-post: mona.sveen@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 01.03.26.

Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Gje eit stutt samandrag av kven du er og grunngje kvifor du ønskjer læreplass i vår kommune. Attestar og vitnemål kan du ta med på intervju. 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.