Vil du bli aktivitetsven?

Å vere aktivitetsven er enkelt. Du treng berre å gjere noko du likar, samstundes som du gjev ein med kognitiv svikt/ byrjande demens fleire gode dagar og gode opplevingar. 

Ein aktivitetsven er ein friviljug som gjer aktivitetar saman med ein som har kognitiv svikt/demens.  Aktivitetsvenen og personen med demens kan møtast ved behov/eit par gonger i månaden og gjere ting saman som dei liker. Det kan vere alt frå å gå på tur, delta på ulike aktivitetar, eller berre å møtast for ein kopp kaffe. Målet er at samveret skal vere gjevande og trygt for båe partar.

Dei friviljuge får kurs og rettleiing frå arbeidsgruppa i Vågå kommune/frå Nasjonalforeningen for folkehelsen, slik at dei er best mogleg rusta for å vere ei støtte og ven i kvardagen for eit menneske med kognitiv svikt/demens.

Er dette noko for deg? Ta kontakt med ein av oss i arbeidsgruppa og få meir informasjon. I arbeidsgruppa sit:

  • Inger Kari Sæta
  • Kåre Lund
  • Kitt Heidi Telebond
  • Ragnhild Brun Øygarden
  • Bodil Sagsletten
  • Mona Sveen