Vaksinering!

Vi legg opp til siste planlagde massevaksinering i Vågåhallen onsdag 22. september kl. 1600-1800.

Har du ikkje fått teke 2. dose enno? Da må du kome denne dagen.

Dei som har fått dato for 2. dose, kan sjå burt frå den datoen og kome onsdag 22.09.21.

Gje oss beskjed om du ikkje ønskjer 2. dose.  Hugs at det skal gå minst 3 veker mellom 1. og 2. dose.

Er det nokon som ikkje har fått vaksinert seg enda, begynner det å haste.

Etter siste massvaksinering onsdag 22.09.21, må du sjølv ringe å sette deg opp på liste så vi får bestilt vaksiner. Vi får ikkje lenger tildelt vaksiner så vi må bestille etter behov. På grunn av kort haldbarheit på vaksinen må vi veta sikkert kor mange vi treng å bestille.

Det blir anbefalt ei 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Dei som er i kategorien som er anbefalt ei 3. dose vil bli kontakta av fastlegen/ helsesenteret eller spesialisthelsetenesta.

Ungdom 12-15 år blir foreløpig tilbydd 1 dose vaksine.

Ungdom 16-17 år blir anbefalt 2 dosar vaksine. 8-12 vekers intervall mellom dosene.  Dei som har hatt korona, er anbefalt berre 1 dose.