Vågå kommune vert arrangør for St. Hans-feiringa på Maihaugen 23. juni 2026

Vågå kommune har fått den ærefulle invitasjonen til å vere medarrangør for den tradisjonsrike St. Hans-feiringa på Maihaugen i Lillehammer den 23. juni 2026. Sist Vågå hadde denne rolla var i 2006, og no får vi igjen høve til å fylle friluftsmuseet med vår rike kulturarv og levande næringsliv.

Maihaugen

 

 

 

Maihaugen sin St. Hans-feiring er ein av dei mest stemningsfulle sommarkveldane i regionen, og samlar kvart år mellom 2000 og 4000 tilskodarar. 

Arrangementet har lange tradisjonar og kvart år vert ein kommune frå Gudbrandsdalen invitert til å prege programmet med lokale innslag og aktivitetar.

 

Ein kveld fylt med kultur, folkeliv og tradisjonar

Programmet på Maihaugen strekkjer seg frå kl. 17.30 til 23:00 og inneheld:

  • Underhaldning på utescena
  • Båltenning kl. 21.00
  • Dansespel på Dansarvollen
  • Aktivitetar rundt i museet – frå historiske bygningar med levande formidling, til handverk, husflid og barneaktivitetar
  • Mat og marknadsstemning med lokale smakar og salgsboder

Maihaugen er eit levande friluftsmuseum der publikum kan rusle mellom historiske tun og møte skodespelarar, omvisarar og handverkarar som bringer fortida til live. Her får ein eit glimt av livet i Gudbrandsdalen gjennom fleire hundre år. 

 

Oppmoding til lag, organisasjonar og næringsliv i Vågå

Nå er det opp til Vågå kommune å sy saman eit flott program og vise fram det beste bygda har å by på, og oppmodar difor lag, organisasjonar og næringsaktørar til å melde si interesse dersom de vil vere med og bidra til denne unike sommarkvelden.

Dette er ei sjeldan moglegheit til å nå eit stort publikum og samtidig vere del av ei feiring som set lokal kultur og fellesskap i sentrum.

Vil du vere med? Ta kontakt med Vågå kommune for meir informasjon