I samband med opningsarbeidet blir alle tilgjengelege parkeringsplassar brøyta og gjort klare til bruk. Vågå kommune oppmodar alle trafikantar til samkøyring og fornuftig parkering for å unngå unødig trafikkpress i området.
Det blir ikkje sett opp rutebussar over Valdresflye i påskeperioden. For å legge til rette for trygg ferdsel og gode naturopplevingar for både innbyggjarar og tilreisande, er det sett i verk fleire tiltak innan både transport og vegdrift.
Shuttlebuss mellom Reinsvangen og Valdresflye
For å redusere biltrafikken og tilby eit godt alternativ, tilbyr Visit Gjende med shuttlebuss mellom Reinsvangen og Valdresflye med ein 16-seters minibuss.
Ønskjer du å førehandbestille shuttlebuss frå Reinsvangen, kan dette gjerast på telefon 418 62 785.
Gjestene kan bli frakta opp til Valdresflye og velje om dei vil gå tilbake til Reinsvangen via skiløypene, eller bestille retur med bussen.
Det er laga ei stikka og oppkøyrd skiløype (verforbehald) frå Valdresflye Kafé og ned til Maurvangen. Derfrå kan ein gå over brua og vidare bort til Reinsvangen. Slik kan ein enkelt kombinere tur, transport og naturoppleving på ein trygg og tilgjengeleg måte.
Opningstid og verforhold på Fv. 51
Fylkesveg 51 vil som vanleg vere open kvar dag frå kl. 08.00 til 20.00 i den første perioden etter opning. Inntil vidare vil vegen vere nattestengd.
Valdresflye ligg i høgfjellsterreng, der vêret kan endre seg raskt. Dersom forholda blir dårlege, kan vegen bli stengd på kort varsel.
Oppdatert trafikk- og veginformasjon
For løpande informasjon kan trafikantar:
- sjå www.vegvesen.no/trafikk
- ringe Vegtrafikksentralen på 175
