Totalforbod mot bål og open brenning

Brannsjefen har no med umiddelbar verknad lagt ned totalforbod mot å gjere opp eld og andre former for open brenning, inkludert bruk av eingongsgrill.

Vedtaket er slik:

 

Vedtak om forbod mot å gjere opp eld og open brenning

Grunna svært stor skogbrannfare og framleis meldt tørt og varmt, er det lagt ned totalforbod mot å gjere opp eld og andre formar for open brenning.

Forbodet gjeld for følgjande:

  • Alle typar open eld eller bål i eller i nærleiken av skog og anna vegetasjon. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill.
  • Alle typar av open brenning av kvist, halm, trevirke og anna virke i landbruket, anna næring eller hos private.

Forbudet er gjeldande for heile kommunen og gjeld inntil det blir oppheva.

Forbodet gjeld med umiddelbar verknad.

Vedtaket er fatta med heimel i Forskrift om brannforebygging §3, samt Brann- og eksplosjonsvernloven §37.

Andre typar aktivitetar og arbeid som indirekte kan forårsake brann kan gjennomførast om det etter nøye risikovurdering er funne forsvarleg, samt at det blir gjort naudsynte brannførebyggjande tiltak og at sløkkemiddel finst tilgjengeleg. Dette gjeld tiltak som:

  • Motorisert aktivitet i skogbruket
  • Kantslått
  • Bruk av skytebaner

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Brannsjef og feiar
Telefon 61 29 36 85
Mobil 913 46 044