Tilrådingar for påska 2021

Vågå kommune ønskjer sine påskegjester velkomen, men grunna den aukande smittetrenden i Norge ber vi alle vere ekstra merksam på kva smittervernrutinar som er gjeldande - sjå regjeringa.no for oppdaterte råd og retningsliner for påska

Har du symptom eller venter på prøvesvar, så bør du ikkje reise på påskeferie eller til eiga hytte. Får du symptom medan du er på hytta, bør du reise heim og ta kontakt med helsetenesta på heimplassen din. Blir du ringt opp og plassert i karantene, bør du også reise heim.

Du er og oppmoda om å følgje dei strengaste smitteverntiltaka som gjeld, anten dei er frå heimkommunen din eller der du har planar om å tilbringe påska.

Vaktordning for koronatelefon og koronatesting i Nord-Gudbrandsdalen i påska

Frivilligsentralen og kulturskulen vil halde stengt til og med 12. april.

Besøksrutiner Vågåheimen

I tillegg til gjeldande reglar for besøk ved Vågåheimen, er det no pga auka smitte og nasjonale føringar tilrådd på det sterkaste at alle besøkjande bruker munnbind. Munnbind ligg tilgjengeleg ved inngangen.

Du bør og klare å halde minimum to meter avstand til andre.