Koronatesting i løpet av påska

For å ha eit tilbod om koronatesting i påska, har kommunane i Nord-Gudbrandsdal organisert ei felles vaktordning. Det inneber at dei enkelte kommunane er ansvarlege for både bemanning av koronatelefon og gjenomføring av testing kvar sin dag.

Får du mistanke om at du kan vere smitta i løpet av påska og ønskjer test, så ringer du koronatelefonen til kommunen som er ansvarleg for testing den aktuelle datoen.

Kontaktinformasjon, klokkeslett og kvar du skal ringe dei ulike dagane finn du i informasjonen under.

Telefonlinene er opne for å bestille test frå kl 10.00 til 11.30. Testing vil gå føre seg frå kl 11.30 til 14.00.

Koronatesting i påska 2021

Koronatesting i påska 2021
Dato Tid Stad Telefon
Torsdag 1. april 10.00 - 14.00 Lesja 90 82 75 20
Fredag 2. april 10.00 - 14.00 Lom 48 16 55 19
Laurdag 3. april 10.00 - 14.00 Dovre 61 24 22 00
Søndag 4. april 10.00 - 14.00 Vågå 95 25 39 90
Måndag 5. april 10.00 - 14.00 Skjåk 90 98 94 36