Støyande arbeid ved Smedsmo camping – vatn- og avlaupsprosjekt

Eksempel på spunt frå Harpe bru Morten Wangen

I samband med Vågå kommune sitt vatn- og avlaupsprosjekt ved Smedsmo camping, vil det i ein avgrensa periode bli gjennomført støyande arbeid.

Arbeidet gjeld etablering av tørr byggegrop i samband med nedsetting av ny avlaupspumpestasjon. Oppstart er torsdag 12. februar, og arbeidet er venta å vare ut veke 8.

Det støyande arbeidet er knytt til spunting, der vibro vert nytta. Under normal spunting vil det vere støy i om lag 20–30 minutt per time. Støyen vil kome i bolkar, til dømes 8–10 minutt med spunting, etterfølgt av pause medan spunt vert heist og handtert, før ny periode med spunting. Dersom ein treff på harde massar eller større steinblokker i grunnen, kan det oppstå kortare periodar med høgare støynivå.

Sjølve spuntarbeidet er estimert til å ta 3–4 dagar under normale tilhøve. Arbeidstida vil i hovudsak vere mellom kl. 07.00 og 19.00.

Vågå kommune beklagar dei ulempene dette kan medføre for naboar og besøkande, og takkar for forståinga medan arbeidet pågår.