Denne dagen møter du mange av etatane du må forholda deg til når du skal starte og drive bedrift, samt lokale hjelparar, som alle er der for å gjere oppstartsfasen enklare og tryggare for deg.
Brønnøysundregistera, Patentstyret, Altinn med fleire kjem med eit fullpakka program som skal gjere oppstartsfasen enklare og tryggare for deg. Her vert det korte, informative føredrag med det du treng å vite for å få ein så god start som mogleg. Vi vil også presentere nokre nye løysingar som skal bidra til å forenkle næringslivet sitt behov for informasjon. I tillegg vert det rom for mingling med andre gründerar og føredragshaldarane i pausane.
Vi får også treffe lokale gründarar som deler sine erfaringar
Programmet er delt inn i bolkar og tek for seg tema som er viktige i dei ulike fasane av ei etablering. Vi startar med kva som er viktig å tenkje på før oppstart og i planleggingsfasen. Neste bolk handlar om val av organisasjonsform, rekkjefølgje i registrering og rettsvern. I siste bolk ser vi på kva som er viktig når du skal drive verksemd, som regelverk og rapporteringsplikter. Det vert òg ei innføring i praktisk bruk av Altinn for næringsdrivande.
Arrangementet er gratis, men påmelding er nødvendig.
Meld deg på her: https://no.surveymonkey.com/r/KQVZB63
Program for dagen:
11:30 Registrering og enkel bevertning
12:00 Velkommen ved Torfinn Stenersen, Sel kommune
12:05 Planlegging og utvikling
- Ein gründers reise – frå idé til oppstart ved Stine Løberg Rebni, eigar og dagleg leiar Gullsaksen frisør og velvære og Nina Ophaug frå Nordihågå Gardsyoga
- Lokal gründerhjelp – Kva kan vi hjelpe deg med? v/Skåppå
13:15 Pause og prat med foredragshaldarane
13:35 Registrering og beskyttelse
- Smart start – introduksjon til riktig rekkefølge ved registrering
- Val av organisasjonsform og registrering v/Brønnøysundregistrene
- Patent, varemerke og design v/Patentstyret
14.30 Pause og prat med foredragshaldarane
14.50 Kva skjer vidare?
- Praktisk bruk av Altinn v/Digitaliseringsdirektoratet
- Kva er viktig å gjere når du skal drive bedrift v/Starte og drive bedrift
16:00 Oppsummering og avslutning
Med forbehald om endringar i programmet
Vel møtt!