Rom for besøk - rutine for besøkjande på Vågåheimen

Vågåheimen har komme med rutinar for besøkjande, der alle som skal innom må bruke handsprit før og etter besøk. Personalet vil behandle overflatar med desinfeksjonsmiddel før og etter besøk.

RUTINE FOR BESØK

  • Alle innandørs besøk skal vere på besøksrommet
  • Pasient og besøkjande må vere utan symptom og ikkje hatt nærkontakt med andre mistenkt smitta
  • Besøkjende må på førehand lage ei avtale med Vågåheimen for tidspunkt, og vi må kunne foreslå andre tidspunkt enn ønska for å unngå fleire besøk samtidig
  • Besøkjande som har avtale ringer til avdeling og melder si ankomst. Besøkjande skal utføre håndhygiene før dei kjem, halde minst 1 meters avstand til andre. Handhygiene skal også utførast når besøket er over
  • For å ivareta krav om avstand, tillet vi inntil 2 besøkjande samtidig
  • Det vil vere mogleg å ha med pleiar for bistand, og for å ivareta smittevernråd
  • Kvart besøk skal vere korte og avgrensast til 30 minutt, - kvar pasient kan få eitt besøk pr veke
  • Besøk skal dokumenterast i Profil, der det blir dokumentert kven som har vore på besøk
  • Ved besøk til kritisk sjuke, eller pasient som er i livets sluttfase gjeld andre rutiner
  • Besøk ute skal òg avtalast med personalet.  Regel for avstand gjeld

Kontakt

Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735