Ope møte om Sankthansfeiring på Maihaugen - Vågå kommune

Ope møte om Sankthansfeiring på Maihaugen

Vil du vere med å lage stemning på Maihaugen 23. juni? Velkomne til ope informasjonsmøte om Sankthansfeiring på Maihuagen.

I år er Vågå kommune invitert til å skape uforglemmeleg stemning under Sankthansfeiringa på Maihaugen på Lillehammer. Om sola skin, kan det koma opp mot 5000 besøkande. Vil du vere med? 

Både lag og foreingingar, næringsdrivande, kulturaktørar og andre er velkomne til å vere med. Det vil vere program på scena i regi av Vågå kommune og aktivitetar og salsboder rundt om på Maihaugen. Maihaugen stiller med salsboder med tak og straum, og invitera interesserte til å stå på stand så lenge dei vil på Sankthans. Har du spørsmål? Kom på ope møte 3. mars og høyr meir om arrangementet. Her får du møte arrangementsansvarleg frå Maihaugen, Rune Prøven, og Vågå kommune. Møtet blir på Vågå frivilligsentral. 

Vel møtt!