Ope kontordag om skredfarekartlegging

Onsdag 3. april, kl 14.00 - 18.00, er det open kontordag på kommunehuset i Vågå. Temaet er skredkartlegging i Vågå.

NGI har på oppdrag frå NVE utført skredkartlegging og utarbeidd ein rapport for Lom, Skjåk og Vågå kommunar.

Rapport skredfarekartlegging i Vågå, Lom og Skjåk

Vågå kommune får ein del spørsmål knytt opp til denne skredkartlegginga og rapporten som ligg føre. I samband med dette arrangerer Vågå kommune open kontordag, onsdag 3. april, kl 14.00 - 18.00.

I dette tidsrommet vil det vere folk til stades på formannskapssalen på kommunehuset (3. høgda), for å svare på spørsmål som innbyggjarar i Vågå måtte ha om denne rapporten.