Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Gjendeosen - Reinsvangen. Forslag til revidert plan

Vågå kommunestyre gjorde i møte 4. juni 2019, sak 20/19 vedtak om å legge forslag til detaljregulering for Gjendeosen - Reinsvangen ut til offentleg ettersyn og høyring. 

Formålet med planrevisjonen er å legge til rette for utbygging i området Gjendeosen - Reinsvangen i regi av Statens vegvesen Turistvegseksjonen. Det er Structor AS som fremmer planen på vegne av Statens vegvesen Turistvegseksjonen.
Planforslaget legg til rette for flytting av brukryssingspunktet over Gjendeelva og legg til rette for bygging av terminalbygg på Gjendeosen med trafikk- og uteareal. Planforslaget legg også til rette for justert løysing for vatn- og avlaup i området. Planendringane er nærare omtalt i planomtalen som følgjer planforslaget.

Planforslaget og møtebok frå kommunestyret si behandling er tilgjengeleg på kommunen si kartinnsynsløysing. Du finn her høyringsdokumenta ved å velje «arealplan» og deretter huke av «planar under arbeid». Gjeldande reguleringsplan finn du om du huker av på «gjeldande plan».

Planmaterialet er også lagt ut for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset.
Plandokumenta finn du også nedanfor.

Frist for uttale til planforslaget er 12. august 2019.

Uttale skal sendast til Vågå kommune på e-post til postmottak@vaga.kommune.no,   
eller til  postadresse  Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå. 

Plandokument:

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Telefon 61 29 36 17
Mobil 909 90 488