Næringspub på Fossheim 18. november
Den 18. november inviterer vi til ein næringspub i Lom der vi presenterer nokre av dei "gode hjelparane" for bedriften i Ottadalen, i tillegg til at du kan mingle og kose deg med andre likesinna.
Her får du møte dei tre kommunane i Ottadalen, utviklingsselskapet Skåppå og Innovasjon Norge Innlandet på trivelege Dr. Garmo's på Fossheim. Hugsotte Gardsmjølk vil avrunde kvelden med å dele historia om si gründerreise.
Vi serverer fingermat, drikka kjøper du sjølv – bli med på ein inspirerande og nyttig kveld saman med oss!
Program:
• Velkommen!
• Kva kan kommunane v/ næringssjefane hjelpe deg med?
• Kva kan Skåppå hjelpe deg med?
• Kva kan Innovasjon Norge hjelpe deg med?
• Hugsotte gardsmjølk frå Skjåk vil dele si gründerhistorie med oss
Vi kan sette opp korte ein-til-ein møter med dei ulike aktørane i løpet av kvelden dersom du ynskjer det, såkalla "speed-dating".
Du krysser av i påmeldingsskjemaet dersom dette er aktuelt for deg (sjå lenger ned).
Inngangen er gratis og ope for alle næringsaktørar i regionen vår.
Velkommen!
Arrangør:
Kommunene i Ottadalen, Skåppå, Innovasjon Norge og Gudbrandsdal næringsforening
Hugs påmelding!
Vi sett pris på om du melder deg på via denne lenka innan 15. november: https://forms.office.com/e/hNJ1SkDnhd

Publisert av Live Brimi
Sist endret 10.11.2025 11.36