Motivasjonstur for beitebrukarar i Nord-Gudbrandsdal

Lesja kommune

Årets beitesesong har vore krevjande for mange beitebrukarar i Nord-Gudbrandsdal. Kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre ønskjer difor å arrangere ein motivasjonstur slik at sauebrukarar frå heile regionen kan møtast, dele erfaringar med kvarandre og få felles opplevingar. Det overordna målet med turen er eit ønskje om å gi motivasjonsdrypp til ei næring som er betydningsfull for kommunane.

Kommunane kan difor med glede invitere til ein busstur til Oppdal torsdag 6. oktober. Turen skal innehalde lokalprodusert lunsj frå "Smak og Behag", fleire gardsbesøk og nydeleg middag på Storli gard. Turen er fullfinansiert av Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal og Statsforvalteren i Innlandet. Påmelding skjer via lenke som er utsendt på SMS til alle sauebrukarar i Nord-Gudbrandsdal. Påmelding skjer etter "førstemann til mølla" prinsippet. Det er 50 plassar på bussen, så vær rask om du vil vere sikra plass!  Velkomen til ein fin dag saman!

 

 

Klokkeslett

Program

Påstigning

8.00

Påstigning Lom

Lom busstasjon

8.30

Påstigning Vågå

YX Vågå

8.50

Påstigning Sel

Ved samfunnshuset

9.30

Påstigning Dombås

Dombås skyssterminal

10.45

Lunsj på SMAK OG BEHAG Oppdal

 

12.00

Gårdsbesøk hos Anita og Stig Hindseth Bjerkaas

 

13.15

Gårdsbesøk hos Elin og Rolf Sverre Holum

 

14.30

Avreise til STORLI GARD

 

15.30

Middag og omvisning på STORLI GARD

 

18.00

Avreise fra Storli gard

 

20.00

Ankomst Dombås

 

20.40

Ankomst Sel

 

21.00

Ankomst Vågå

 

21.30

Ankomst Lom

 

 

 

Har du spørsmål kontakt:

Lom/Skjåk: Kari Hånsnar

Vågå/Sel: Laila Nersveen

Lesja/Dovre: Ingrid Tragethon