Melding om vedtak - godkjent plan - detaljreguleringsplan for skiferbrot i Nordheringslie

Vågå kommunestyret har i møtet 29. september 2020, sak 49/20 gjort følgjande vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-12 blir forslag til detaljregulering for skiferbrot i Nordheringslie, gnr. 69 bnr. 3 m.fl. godkjent.

Formålet med planen er å legge til rette for uttak av skifer på eigedom gnr. 69 bnr. 3 m. fl. i Nordherad i Vågå kommune.

Godkjent detaljreguleringsplan er lagt ut i servicetorget på kommunehuset og er tilgjengeleg på kommunen si heimeside www.vaga.kommune.no. Planen er tilgjengeleg i kommunen si kartinnsynsløysing. Ein finn kartet ved å huke av på "arealplanar" og deretter huke av på reguleringsplan, gjeldane, i menyen til venstre.

Planvedtaket kan klagast på i medhald av reglane i forvaltningslova og plan- og bygningslova. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen då brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen. Eventuell klage skal sendast til Vågå kommune, adresse Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no

Det skal opplysast om vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringar som ein ønskjer og grunnen for klaga. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, må du gje opp når denne meldinga kjem fram.

Saksdokument: