Massivtreprosjekt får 1,6 mill.

Oppland fylkeskommune har bevilga inntil kr 1,6 mill til gjennomføring av prosjekt Ottadalen Massivtre i perioden 2018-19.

Prosjekt Ottadalen Massivtre er tildelt 1,6 mill i støtte frå Oppland fylkeskommune Norddalen

Les også artikkel i Norddalen (abbonnement)

Langmorkje Almenning har på vegne av fleire samarbeidspartnarar i Ottadalen søkt om støtte til Prosjekt Ottadalen Massivtre. Initiativet kom frå Brun Bygg AS og Vågå kommune

Det er i løpet av 2017 gjennomført eit forprosjekt for å sjå på moglegheit for å etablere seg som aktør i marknaden for massivtre, gjennom produksjon av element hovudsakleg i furu og med utgangspunkt i lokale råvarer.

Aktørane som er med i prosjektet er:

  • SEBB AS. Bygg- og entreprenørfirma med 21 tilsette, lokalisert i Skjåk og hadde ca 36 millioner i omsetning i 2017. Av større oppdrag dei siste åra kan nemnast bygging av ny skule 1-10 i Skjåk, og Utgard som er nytt kulturhus/ idrettshall i Lom. SEBB AS har fabrikklokale og utstyr etter nedlagt hytteproduksjonsanlegg i Skjåk.
  • Brun Bygg AS. Bygg og- murerfirma etablert av Torstein Brun i 2004. Bedrifta er lokalisert i Vågå. Firmaet har 22 tilsette og ein omsetning i 2017 på 45 millioner kroner. Torstein Brun har og starta bedrifta Massivhytta AS som skal møte etterspurnaden etter massivtre i hyttemarknaden
  • Nordplan AS avdeling Gudbrandsdalen. De tilbyr design-, plan- og prosjekteringstenester i eit kreativt tverrfagleg miljø. I Vågå har dei 13 tilsette.
  • Skjåk Almenning. Bygdeallmenning med 2 millioner dekar, og er den nest største private eigedomen i Norge. Datterbedrifta Skjåk Trelast er leverandør av trevirke. Skjåk Almenning har 15 årsverk og avvirker 10.000 m3 per år der ca 4.000 m3 blir sagd på Skjåk Trelast.
  • Langmorkje Almenning. Almenning eigd av 426 bruksberettiga bruk i Vågå, og står for forvaltningen av skogen i Langmorkje Statsalmenning og drifta på sagbruket i Randsverk. Skogen består av rundt 100.000 daa produktiv fjellfuruskog og rundt 60.000 daa bjørkeskog over barskoggrensa. Årlig blir det avvirka rundt 7.000 m3 tømmer, der mest mogleg blir foredla på Randsverk Sag og Høvleri.
  • Skjåk Kommune
  • Vågå Kommune

Prosjektgruppa for forprosjektet konkluderte tidleg med at det er vanskeleg å konkurrere med dei store produsentane og importørane på pris. Det er difor eit mål å vere betre på smarte løysingar, grøne satsningar, kundeservice, prosjektering og leveransetid.