Ledig stilling ved tildelingskontoret - 100% vikariat

Vil du vere med å forme morgondagens omsorg i Vågå kommune? Vi søkjer etter ein saksbehandlar til 100% vikariat ved tildelingskontoret over eitt år.  Det er ynskje om snarleg oppstart. Søknadsfrist er: 26. mai.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for saksbehandling av saker innan helse- og omsorgstenester. Derunder kartlegging av bistandsbehov og fatte enkeltvedtak.
  • Sikre pasient- og brukarrettigheitar i saksbehandlingsprosessen
  • Systemansvarleg for pasientjournalsystemet Visma Profil.
  • Gi råd og rettleiing til søkjarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Samarbeide tett med pasient/brukar og pårørande for å finne gode løysningar
  • Samarbeide tett med andre kommunale tenester i vurdering og tildeling av tenester
     

Tildelingskontoret fungerer og som koordinerande einheit med ansvar for individuell plan og koordinatorordningar, og det er ynskjeleg at søker kan bidra inn i utviklingsarbeidet på dette området.

 Stillinga er organisert direkte under kommunalsjef for helse og meistring.

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig utdanning frå høgskole/universitet innan helse- og sosialfag
  • Lengre relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Relevant praktisk arbeidserfaring frå helsesektoren kan vurderast som ein fordel
  • Erfaring innan saksbehandling av kommunale helse- og omsorgstenester, og kjennskap til aktuelle lovverk og forskrifter er ein fordel.
  • Førarkort kl. B
  • Kompetanse og erfaring med arbeid innan helserett er ein fordel
  • Kompetanse og erfaring med pasientjournalsystem (Profil) er ein fordel

 

 Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar. 

Vi ser etter deg som:

  • Evnar å arbeide målretta, strukturert og effektivt både individuelt og i team
  • Er positiv og innehar gode samarbeidsevner
  • Har tydeleg framstillingsevne både munnleg og skriftleg
  • Er løysningsorientert med heilskapleg tilnærming i arbeidet
  • Bruk av skjønn er ein del av det daglege arbeidet, og ein må ha god evne til refleksjon
  •  Har evne til å skape gode relasjonar til brukarane, kollegar og samarbeidspartnarar
     

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:

  • Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
  • Pensjonsordning via KLP

 

I søknaden ber vi deg kort beskrive korleis din bakgrunn og dine personlege eigenskapar passer til våre krav og ønskjer for stillinga. 

Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar. 
 

Dersom du ønskjer fleire opplysningar om stillinga, kan du kontakte:
Kommunalsjef helse og meistring Thomas Rannstad Haugen, tlf. 970 10 982.

Søknadsfrist: 26. mai 2025

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søk på stillinga her. 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. 

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av  i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

 

 

Kontakt

Thomas Rannstad Haugen
Kommunalsjef
Mobil 970 10 982