Kulturpris 2018 og kulturmidlar for 2019

Kulturprisen/kulturstipend for 2018

  • Vågå kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris og/eller eit kulturstipend
  • Formålet med prisen/stipendet er å stimulere til aktivt kulturarbeid i Vågå. Prisen/stipendet skal gjevast for aktivt kulturarbeid over tid eller for spesielt fortenestefullt enkelttiltak eller prestasjon som kjem kulturlivet i Vågå til gode
  • Prisen/stipendet kan tildelast enkeltpersonar, lag foreiningar eller institusjonar som har tilknyting til Vågå og som har gjort ein stor innsats innanfor området som gjeld heile det utvida kulturomgrepet

Hovudutvalget for oppvekst, kultur og omsorg (HOKO) er jury for tildelinga, etter at publikum har fått høve til å fremje
grunngjevne forslag på kandidatar. Juryen kan og koma med forslag på kandidatar.

Skriflege, grunngjevne framlegg på kandidatar skal sendast:
Vågå kommune, Edv. Storms veg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no

Frist:  1. april 2019 


Søknad om kulturmidlar for 2019

Lag og organisasjonar som driv aktivt kulturarbeid innanfor  det utvida kulturomgrepet, kan søkje Vågå kommune om kommunalt tilskot/kulturmidlar for 2019.  

Søknadsskjema er også utlagt på servicetorget i kommunehuset.

Søknad kan sendast: Vågå kommune, Edv. Storms veg 2, 2680 Vågå eller til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist 15. mars 2019.  

Kontakt

Stein Holen
Tenesteleiar
Mobil 957 49 880

Ansvar for kino, kulturkalender, kulturarrangement, utleige av kulturhus og Vågåhallen