Kommunen søkjer bustader til sommarvikarar

Kommunen er på utkikk etter bustader til sommarferievikarar i perioden veke 24–34, og oppmodar dei som har noko til leige om å ta kontakt.

Ønskjer sentrumsnære bustader

For å sikre gode bustadløy­singer til sommarvikarane våre, ønskjer kommunen helst sentrumsnære bustader. Vi ser særleg etter hus med fleire soverom, men også leilegheiter kan vere aktuelle.

Leige i heile eller delar av perioden

Det er ein fordel om bustaden kan leigast ut i heile perioden frå veke 24 til 34. Samstundes kan også kortare leigeperiodar vere aktuelle.

Kommunen står som leigetakar

Kommunen vil stå som leigetakar i perioden. Dersom du har ein bustad som kan vere aktuell, eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt. 

Kontaktinformasjon finn du på høgre side.

Kontakt

Thomas Rannstad Haugen
Kommunalsjef
Mobil 970 10 982