Karrieredagen 4.februar. 2026

Onsdag 4. februar 2026 samlar vi arbeidsgjevarar, jobbsøkjarar og elevar til stillingsslepp, lærlingsslepp og jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.
Dette er din sjanse som arbeidsgjevar til å vise fram ledige jobbar og lærlingplassar – og møte framtidige medarbeidarar ansikt til ansikt.

Karrieredagen er eit felles arrangement for heile Nord-Gudbrandsdal. Målet er å gjere rekruttering enklare og synleggjere moglegheiter i regionen.


Dagen består av tre hovudelement:

  • Stillingsslepp: Felles utlysing av ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal
  • Lærlingsslepp: Utlysing av lærlingplassar
  • Jobbmesse: Ein fysisk møteplass der arbeidsgjevarar kan ha stand og møte kandidatar direkte

 

Program

  • Kl. 12:00: Offisiell lansering av stillingsslepp og lærlingsslepp
  • Kl. 12:00–14:00: Jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta

 

Slik deltek du som arbeidsgjevar

  • Legg inn stilling eller lærlingplass på www.komtiloss.no frå 7. januar
  • Meld deg på med stand til jobbmessa ved å sende e-post til Merethe.olstad.sylte@nav.no så snart som mogleg
  • Har du spørsmål? Kontakt prosjektleiar Stian Høglien (Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal):
    📧 stian.hoglien@regionkontoret.no | 📞 988 33 723

 

Alt er gratis for arbeidsgjevarar – du vel sjølv om du vil delta på eitt eller fleire av arrangementa.

 

Karrieredagen er eit samarbeid mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Gudbrandsdal næringsforeining og ni opplæringskontor.