Vågå kommune
Arrangementet er ein del av Bli hjå oss, eit prosjekt som jobbar for å skape møteplassar og styrke fellesskapet i bygdene våre.
Med julegraut, glimt av julestemning og filmen “Reisen mot Nord”, vart det ei fin stund for alle.
Det er nettopp slike møteplassar som gjer bygda levande og folk set pris på å kunne samlast.
Neste arrangement i regi av Bli hjå oss blir i Lom tysdag 9. desember, der det også blir servert julegraut og vist julekino. Alle er hjarteleg velkomne!
For meir informasjon om kommande arrangement, sjå:
- vaga.friskus.com
- lom.friskus.com
Gjestane vart teke imot av to flittige hjelparar
Vågå kommune