Invitasjon er sendt til dei som har eigedom som grensar til Nugga nord for Vågåvegen. Ta kontakt med Sonja Tangen i Vågå kommune om du har slik eigedom, og ikkje har fått invitasjon.
Bakgrunn for møtet
I samband med flomsikring av Vågåmo vil det bli gjennomført tiltak langs Nugga. For å kunne planleggje og gjennomføre desse tiltaka er Vågå kommune avhengig av å vite kven som eig grunnen der tiltaka skal plasserast.
I delar av Nugga er eigedomsgrensene ikkje tilstrekkeleg klarlagde i matrikkelen. For fleire areal er det uklart kven som er registrert eigar. For å få avklart eigedomsforholda vil det bli fremja sak om grensefastsetting for jordskifteretten.
Grensefastsetting inneber at jordskifteretten fastset kvar eigedomsgrensene går, dersom desse er uklare eller uregistrerte. Etter at grensene er fastsette, blir dei merkte, målte inn og registrerte i matrikkelen og tinglyste.
For å kunne fremje sak om grensefastsetting er Vågå kommune avhengig av fullmakt frå aktuelle grunneigarane.
På møtet vil Vestre Innlandet jordskifterett orientere om:
- kva grensefastsetting inneber
- korleis prosessen blir gjennomført
- kva betydning dette har for grunneigarane
Vågå kommune vil ta kostnadene knytt til oppstart av saka, mellom anna inngangsgebyr til jordskifteretten.
Tiltaka langs Nugga ligg fram i tid og vil ikkje bli gjennomført på kort sikt. Grenseavklaringa blir sett i gang no som ein del av det førebuande arbeidet, slik at eigedomsforholda er avklart før vidare planlegging og gjennomføring.
Møtet er meint som ei felles orientering før saka blir fremja. Deltaking er frivillig. Dersom du ikkje har behov for nærare informasjon, kan fullmakt signerast og sendast inn utan at du deltek på møtet.
Dersom du ikkje har høve til å møte fysisk og ønskjer å delta, ta kontakt, så legg vi til rette for digital deltaking.
Fullmakt
Informasjon om fullmakt vil bli gjennomgått på møtet, og fullmaktsskjema vil bli sendt ut i etterkant.
Vi håpar du har høve til å delta. Det er fint om du gjev attendemelding om deltaking til Sonja Tangen sonja.tangen@vaga.kommune.no eller på mobil 46 91 45 70.
Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt.