Informasjonsmøte om Grindstugulego burettslag – seniorbustader midt i Vågå sentrum

Vågå kommune inviterer til informasjonsmøte om det nye bustadprosjektet Grindstugulego burettslag onsdag 24. september kl. 18.00 på Frivilligsentralen.

Grindstugulego er eit framtidsretta bustadprosjekt som skal gi eldre i Vågå eit godt og tilpassa bumiljø – midt i sentrum. Her er målet å skape ein trygg og sosial buform, der fellesskap og nærleik til tenester står i sentrum.

Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom Vågå kommune og Vågå bustadselskap, og det er no klart for å bli presentert for innbyggjarane. På informasjonsmøtet vil du få innsikt i:

  • Kva Grindstugulego burettslag er
  • Korleis bustadene blir utforma
  • Kven som kan søkje
  • Korleis burettslagsmodellen fungerer
  • Vidare framdrift og moglegheiter

 

Dette er eit viktig tiltak for å møte framtidas behov for gode og tilpassa bustader for eldre i Vågå. Kommunen ønskjer å legge til rette for at fleire kan bu godt og trygt – med nærleik til både folk og funksjonar.

Møtet er ope for alle interesserte, og det blir høve til å stille spørsmål og komme med innspel.

📍 Tid og stad:
Onsdag 24. september kl. 18.00
Frivilligsentralen i Vågå

Velkomen!

Skisse av prosjekt