Informasjonsmøte om breibandutbygging Vågåmo - Lalm

Tysdag 21. juni, kl 16.30 - 17.45, blir det informasjonsmøte på Lalm samfunnshus om breibandutbygginga som no skjer på strekninga Vågåmo - Lalm langs Rv 15.

HomeNet AS vann anbodet om utbygginga av denne strekninga og er godt i gang. Salet er kome langt allereie og arbeidet med graving er starta mange stader.

Vågå kommune og HomeNet ønskjer difor å invitere til informasjonsmøte då prosjektet går inn i ei fase der mange har praktiske spørmål om graving, trasévalg mv.

Agenda for møte er:

  • Kort orientering frå kommunen
  • HomeNet informerer om
    • Tilbodet
    • Grunneigarløyve
    • Status og framdrift
  • Spørsmål

Det vil vere mogeleg å teikne fiberavtale med HomeNet i møtet.

Vi oppmodar interesserte til å stille for å få svar på spørsmål og evt teikne avtale om fiber om det er ønskjeleg.