Helsing frå ordføraren

Mange kjenner på usikkerheit nå.

Ein ting er virussjukdommen. Eg håper dei fleste av dykk ikkje er redde den for dykkar eiga skuld, den er overkommelig for dei fleste, MEN for enkelte kan den få store konsekvensar. Det er eldre og svekka vi no gjer ein dugnad for å beskytte.

Ein annan ting er at dei råd og pålegg som vert gjort fører til avstand. Dette gjev andre utslag. Det er slik at mange rundt oss slit med einsemd og tunge tankar. Dette vert forsterka nå da mediabildet og ein frammand kvardag skremer og gjev uro i sinnet.

Det er frå mange hald oppfordra til å "ringe i staden for å ringe på", "stå saman utan å fysisk gjere det". Dette er viktig og eg set pris på engasjementet som mange har for å lette kvardagen for andre.

Helsevesenet har rigga seg for å tåle det som kjem og eg er sikker på at vi skal evne å gjere det beste for dei som vert alvorleg sjuke. Det er noko varierande påbod og kjørereglar rundt omkring som og gjev uro blandt innbyggjarane. Ikkje tenk for mykje på dette. Det er mange måter å løysa utfordringane på.

Det er mange henvendelser om karantene og karantenebestemmelser. Dette er forståeleg. Det beste er å tenkje at vi alle er i karantene. Vi vaskar hendene, reduserer kontaktpunktane og held avstand. Det som skjer nå gjer det enda viktigare å tenkje slik. No framover er det berre helsearbeidarar og nokre få andre som vert testa for smitte. Difor vert ikkje folk automatisk isolert eller sett i karantene, med unntak av dei som kjem frå utlandet. Vert du snufsete og får feber nå må du sjølv ta ansvar eventuelt i samråd med vakthavende på Koronatelefonen. Det er no denne dugnaden dei pratar om startar.

Eg vil oppfordre dykk til freiste å halda hjula i samfunnet i gang. Folk må ha mat og andre varer. Bilane må på service og hus må vedlikehaldast. Viktigst av alt: Vask hendene, hald avstand men kom deg gjerne ut på tur.