Statens prosjektmodell krev at fleire alternativ blir vurderte. Det inneber at det no skal utgreiast fleire moglege løysingar, i tillegg til den tidlegare planlagde tunnelløysinga. Per i dag er det ikkje avgjort kva for alternativ som vil bli førte vidare.
Dette betyr at prosjektet vil ta lengre tid enn tidlegare føresett. Arbeidet går no tilbake til eit meir overordna utgreiingsnivå, der ulike løysingar skal vurderast før det kan takast endeleg stilling til vidare retning.
Prosjektet stoppar ikkje opp, men blir vidareført gjennom nye utgreiingar og kvalitetssikringsprosessar i tråd med krava i Statens prosjektmodell.
Vågå kommune samarbeider tett med NVE i det vidare arbeidet med å finne gode og heilskaplege løysingar for sikring av Vågåmo. Kommunen vil halde innbyggjarane løpande orienterte. Det kan òg bli aktuelt med opne informasjonsmøte og open kontordag på eit seinare tidspunkt, men tidspunkt for dette er ikkje fastsett.
Oppdatert informasjon vil bli lagt ut på kommunen si heimeside når det ligg føre nye avklaringar.
Les heile pressemeldinga frå NVE: NVE ser på flere alternativer for sikring av Vågåmo - NVE