Elgkalven Trampe - meld frå ved sjuke og daude dyr
Det blir færre elgkalvar i Norge og ein del kalvar er sjuke og små. Forskarane vil finne ut kvifor det er slik. Forskningsprosjektet Elgkalven Trampe som Veterinærinstituttet står bak, har som mål å undersøkje flest mogleg elgkalvar som er funne daude eller som er sjuke og må avlivast. Prosjektet starta opp i 2024 og held fram med utvida styrke i 2025.
I Innlandet som er kontrollområde for studie vart det berre undersøkt ein elgkalv i fjor. For å få nok datamateriale er det viktig at flest mogleg av daude eller sjuke kalvar blir undersøkt.
Undersøking av elgkalv
Dersom du finn ein daud eller sjuk elgkalv skal det meldast frå til lokale kontaktar i regionen som er:
Skjåk: Vidar Vange e-post: vid-vange@online.no mob: 91357038
Lesja: Jakob Grothe e-post: jakob@lesjabyggservice.no mob: 91197675 og Emil Grothe e-post: emilgrothe04@gmail.com mob: 90970075
Desse kontaktpersonane er interessert i alle kalvar som som er i ein radius på omlag 1,5 time frå Skjåk og Lesja.
Publisert av Laila Iren Nersveen
Sist endret 03.07.2025 09.48