Utskriving og betaling
Eigedomsskatten for 2026 blir skriven ut i 12 terminar saman med andre kommunale avgifter.
Skattesatsar
Den allmenne skattesatsen for skatteåret 2026 er 7 promille, jf. eigedomsskattelova § 11 første ledd.
For fritidseigedomar, bustader og gardsbruk er skattesatsen 4 promille, jf. eigedomsskattelova § 12 bokstav a.
Bustadverdi og takst
Kommunen nyttar bustadverdiar frå Skatteetaten ved utskriving av eigedomsskatt på bustader der slik verdi er berekna, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1.
Alle bustader, gardsbruk og fritidseigedomar får ein obligatorisk reduksjon i taksten på 30 prosent.
Klage på eigedomsskatt
Du kan klage på eigedomsskatten kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom du ikkje har klaga på same grunnlag tidlegare.
Klagefrist: 15. april 2026.
Slik sender du klage
Klaga må vere skriftleg og sendast til:
Vågå kommune
Eigedomsskattekontoret
Edvard Storms veg 2
2680 Vågå
Hugs å oppgje eigedommens gards- og bruksnummer i klaga.
Klage på bustadverdi frå Skatteetaten
Dersom du vil klage på takstverdien som er fastsett ut frå bustadverdien til Skatteetaten, må klaga sendast til Skatteetaten.
Du kan også korrigere bustadverdien i skattemeldinga ved å sende inn ei endringsmelding.
For meir informasjon:
Nettsidane til Skatteetaten
Telefon. 800 80 000