Mest råka er områda rundt Vågåmå, Brimi, Vågå, Randsverk, Garmo, Bessheim, Veofjellet, Lemonsjøen og langs Sjodalen. Det er redusert til inga dekning i desse områda.
Entreprenør har funne skadestaden og har starta førebuing til skøyting.
Viktig informasjon:
- Så lenge det er dekning frå minst éin mobiloperatør i eit område, er det mogleg å ringje naudsnummer (110, 112 eller 113) via andre operatørar som har dekning.
- Dersom breiband fungerer og ein har WiFi-nett, kan ein med dei fleste smarttelefonar ringje over WiFi.