Delta på Aktiv sommarferie 2025?

Tidspunkt : 14.-16.juli for barn som har gått 1.-3.klasse dette skuleåret, 17.-18.juli for dei som har gått 4.-7.klasse dette skuleåret.  Pris: 100 kr per dag. 

 

Kl. 9.00-15.00 kvar dag, ta med niste. Oppmøte og henting på Halland kvar dag. 

Program: 

Måndag: tur til Strondsetrene. Leik og aktivitet ute

Tysdag: tur til Blessomlykkja og gapahuken der. Formingsaktivitet og leik. Vi vaksne tek med litt bålmat.

Onsdag: tur til Olashovda frå Langmyrene. Leik og bading.

Torsdag: tur til Finndalen. Leik, bading og aktivitet. Vi vaksne tek med litt grillmat.  NB! Kjem ned til Halland att kl. 18.00

Fredag: Aktivitet i klatreparken på Brimiland

 

Påmelding til Mona Sveen på e-post mona.sveen@vaga.kommune.no med namn på barn, klasse, foreldre, e-post og tlf.nr. Vi vil gjerne veta om det er noko vi skal ta hensyn til, for eksempel allergi.