Covid-situasjon i Vågå 24.12.20
Vi melder om ytterlegare fem påvist smitta i dag 24.12.20. Smittevegen er kjend og fleire er sett i isolasjon og karantene.
Kriseleiinga oppmodar alle på det sterkaste om å avgrensa sosial kontakt og følgje karantenereglane. Sjå: Karantene og isolasjon - Fhi
Vi gjentek FHI sine råd til alle i befolkninga:
- Husk god hand- og hostehygiene.
- Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur med. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.
- Risikoen for smitte er høgare innandørs enn utandørs, særleg i små og dårleg ventilerte rom.
- Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta ein test.
- Hald minst to meters avstand når du skal vere ekstra forsiktig, til dømes er i kontakt med personar i risikogrupper og når det er mykje smitte i samfunnet.
Definisjon på nærkontakt:
- Dykk har vore nærmare enn 2 meter i meir enn 15 minutt eller teke på kvarandre.
- Gjeld dersom man har vore i samen med ein som er bekrefta smitta i mindre enn 48 timar før den smitta fekk dei første symptoma.
Publisert av Gundersen Irene
Sist endret 24.12.2020 14.42