Covid-situasjon i Vågå 22.12.20
Helsesenteret har også i dag fått tilbakemelding på mange innsendte testar. Alle desse er negative, altså det er ingen nye smitta i løpet av dagen. Pr. i dag har Vågå 13 personar som er påvist smitta. Ytterlegare ca. 30 testar er levert til Lillehammer i dag.
Resultatet frå desse vil bli offentleggjort så snart dei er klare.
Publisert av Gundersen Irene
Sist endret 22.12.2020 20.20