Covid-situasjon i Vågå 06.01.21

Vaksinasjonen i Vågå starta i dag og 18 personar er vaksinert. Vågå får 24 nye doser neste veke. Dei som får vaksine vil bli kontakta av helsesenteret så ingen treng å ringe inn.

I dag har Vågå åtte i isolasjon og 17 i karantene.

For å vere på den sikre sida vil Dagsenteret og "Inn på tunet" vere stengt fram til 19.01.21.

Det er særs viktig at alle tek ansvar og testar seg dersom ein har symptom eller har mistanke om smitte.

Dei nasjonale retningslinene vart i dag forlenga med ein dag til også å gjelde ut 19.01.21.