Covid-situasjon i Vågå 03.01.2021

Vi har fått eit nytt smittetilfelle i Vågå. Smittevegen er kjend og nærkontaktar er sett i karantene.

Regjeringa si pressekonferanse nå i kveld varslar om strenge nasjonale retningsliner fram til 18.01.21.

Vågå kommune vil ta ei ny vurdering i morgon og kjem da med konkrete meldingar på kva for kommunale tilbod som blir opna.

Foreløpig gjeld følgjande:

Tilbodet "Inn på Tunet" og Dagsenteret blir stengt måndag og tysdag.

Barnehagane opnar på vanleg måte 04.01.21 og barneskulane tysdag 05.01.21. Nasjonale retningsliner tilseier at ungdomsskulen er på "raudt nivå" og særskilt orientering blir senda til foreldra.

"Grøn omsorg" blir opna med avgrensa antall frå måndag 04.01.21.

Frivilligsentralen opnar måndag 04.01.21 og biblioteket har utleige/innlevering av bøker slik som det var organisert før jul.

 

Koronatelefonen er ope kl. 08.00-15.00 på kvardagar, telefon 95 25 39 90. Covid-19 testar blir teke mellom kl. 10.00-11.30 måndag-fredag, men ein må avtala tid på førehand med helsesenteret/koronatelefonen.

Vaksiner:

Kommunen har fått lovnad om 15 vaksinar og dei mest utsette personane vil bli prioritert først. Ingen treng å ringe helsesenteret, men vil bli kontakta for vaksinering etter retningsliner som er gjeve frå Folkehelseinstituttet.