Covid-19 situasjon i Vågå 17.12.20

Tre nye smittetilfelle er registrert i dag 17.12.20 og ca. 100 er satt i karantene inntil prøveresultat ligg føre. Totalt har Vågå nå seks smittetilfelle. Smitte er mellom anna knytt til Miljøterapitenesta og Heimetenesta og det blir sett i verk tiltak for å avgrensa smittespreiing.

Testing av nærkontaktar skjer fortløpande og kommunen vil kome ut med meir informasjon i løpet av morgondagen.

Eksismoen blir stengt for besøkjande inntil vidare.

Frivilligsentralen blir stengt i morgon. Grøn omsorg vil halde ope.

Skulane i Vågå:

Ein av dei smitta er forelder med barn på 4., 5. og 10. steg ved Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule. Som eit førebyggjande tiltak stenger vi alle tre skulane i Vågå fram til jul. Det blir ingen heimeundervisning fredag 18.12. Nærare beskjed om dei to siste skuledagane kjem i løpet av morgondagen. Skulane vil vera opne for dei som har behov – ta kontakt med rektor. Skuleskyssen går som normalt.

Dei som kan ha vore eksponert for smitte vil bli kontakta av smittesporings-teamet i løpet av kort tid.

Det er avgjerande at alle som har symptom tek kontakt med koronatelefonen på 95 25 39 90 og avtaler testing.