Coronasituasjonen i Vågå- fredag 23.10.20

Vågå kommune har nå fått eit nytt positivt tilfelle av Covid-19 viruset. Kommuneoverlege og kommunalsjef har vore ein del av møte for kriseleiinga i Vågå kommune i dag. Vi finn grunn til minne om at denne pandemien på langt nær er over. Smittesituasjonen i Norge har i haust vore aukande. Det har i stor grad vore grupper som man har greidd å isolere og såleis slå ned smitten

Både i hovudstaden og andre område av landet er smittesituasjonen meir uoversiktleg. Det vil si at det førekjem smitte som man har problemer med å spore. Da får vi heller ikkje satt folk i karantene.  Det er fort gjort å få smitte til Vågå nå som reiseaktiviteten har tatt seg noko opp att.

Vi skriv difor ei påminning om at smitteverntiltaka fortsatt må oppretthaldast som før. Restaurantar, kafear, pubar, bensinstasjonar og overnattingsbedrifter er stadar kor mange møtes, og har difor eit stort potensiale for stor smittespreiing. Konsekvensane av smitte som kjem ut av kontroll kan vere store ved at, skular, barnehagar, institusjonar og arbeidsplassar må stengast ned. Det er difor spesielt viktig at desse bedriftene held fokus på smittevern.

Vi gjentar difor følgjande:

Håndhygienen med spriting eller grundig vask av hender må oppretthaldast. Handsprit må være godt tilgjengeleg for publikum og besøkande. Dei som gløymer eller bagatelliserer dette må få ein vennleg henstilling om å gjere det dei skal.

God hostehygiene. Forkjølelses sjuke edarbeidarar bør sendast heim.

Dei som har mistanke om Covid-19 går i karantene og kontaktar Vågå helsesenter fyrste virkedag for eventuell testing.

Avstand: 1 meters regelen oppretthaldast.

Restaurantar og kafear og butikkar  har et spesielt  ansvar for at dette oppretthaldast og må rettleie, og eventuelt tiltale folk som ikkje følger rådene.

 

Vi håper motivasjonen fremdeles er stor til å delta i dette arbeidet. Det dreier seg om folks helse og arbeidsplasser, og at vi skal prøve å holde oss smittefrie og samfunnet i gang mest mogleg.

 

Med helsing

Vågå Kommune

 

Gulleik Riksaasen Kommuneoverlege

Odd Erik Sveen, Kommunalsjef helse og meistring