Årets influensavaksine

Det har vore meir interesse kring influensavaksineringen i år enn det brukar å vera. Det skuldast truleg Koronaviruset/covid-19. Myndigheitene har frykta at personar med svekka helse skal få begge desse sjukdomane samtidig.

Sentrale myndigheiter har pålagt oss at årets influensavaksine fyrst og fremst skal gå til dei eldste og mest sårbare gruppene. Personar over 65 år i risikogruppa/som har kroniske sjukdommar og til helsepersonell som har pasientkontakt. Tilbodet vil kome til fleire seinare i år, etter at denne gruppa har fått tilbod om vaksinering.

Pga. av smittevern vil vaksinering gå føre seg i Vågåhallen. Parkering Halland. Følg anvisning/skilting.

Stad: Vågåhallen

Tid: Torsdag 22.10.20 kl. 10-17 og tysdag 27.10.20 kl. 10-17

Vaksinen kostar kr 50. Har du frikort er vaksinen gratis.

Pga. av smittevern vil du få ein faktura i etterkant av vaksineringa pålydande kr 50 + girogebyr.

Vi kan også tilby pneumokokk vaksine. Pris: kr 400.

Dersom du er i risikogruppa gjeld det hjartesjukdom, lungesjukdom, nyresjukdom, diabetes mellitus, immunologisk og revmatisk sjukdom, kreftsjukdom og dei som har immundempande behandling.  Lurer du fortsatt på om du er i risikogruppa spør fastlegen din.

Vi håper så mange som mogleg i dei nemnde gruppene nyttar seg av tilbodet. Vi vil ettersjå at det ikkje blir for mange inne om gongen. Vi håper det fordeler seg godt utover heile dagen.  Du vil bli møtt i døra, dei som ynskjer vil få tildelt munnbind. Hugs 1 meter avstand. Hugs at du må vera frisk for å få vaksine. Ikkje møte opp til vaksinering om du har symptom på luftvegsinfeksjon. Du må vente 20 minutt etter vaksinering. Deretter kan du reise heim.

Det er god oversikt og kontroll med Covid-19 i regionen vår. Vågå kommune har ingen kjente med slik smitte. Foreløpig rapport frå den sørlege halvkule tydar på mindre influensasmitte enn det brukar å vera. Det kan kome av dei strenge koronatiltaka vi har. Det er derfor ingen grunn for noko sterk uro for desse sjukdomane på noverande tidspunkt.

Vel møtt til vaksinering!

Kommuneoverlege Gulleik Riksaasen, Liv Olasveen og resten av "vaksine-teamet"