Ressursgruppe for barn og unge

Ressursgruppa i Vågå kommune er eit samarbeidsmøte mellom føresette og fagpersonar på barn og ungdom innan helse og oppvekst. Gruppa er eit forum for rettleiing og drøfting for at barn og unge skal få rett hjelp på eit tidleg stadium. 

Det er rektor, barnehagestyrar eller helsesjukepleiar som tek kontakt med gruppa for rettleiing eller drøfting. Det blir henta inn samtykke frå føresette før møtet og føresette er velkomne til å vere med på møtet. 

Faste medlemmar i ressursgruppa er:

- Helsesjukepleiar

- Barnevern

- PPT

- Kommunepsykolog

Andre kan bli kalla inn ved behov. 

Sjå brosjyren for meir informasjon. 

Brosjyre Ressursgruppe i Vågå 03.08.2020 (PDF, 515 kB)