Varsling ved feil

Treng du å varsle frå om ein feil

Ved feil på vatn eller avlaup, kan du ringe vakttelefon 41 69 49 15

Varsling frå Vågå kommune ved feil

Når vi treng å få varsla bebuarar/abonnentar om feil, utkobling eller anna som påverker vatn eller avlaup, nyttar vi Varsling24.

Varsling24 er eit varslingssystem som sender ut tekst-/talemeldingar, samt epost, til personar som er busette innafor eit definert område.

 

Kan vi nå deg?

For at vi skal kunne nå deg med melding, er det viktig at telefonnummeret ditt er "kjent" for systemet. Det er to ulike registre som blir nytta for å nå deg som innbyggjar

1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

I dette felles nasjonale kontaktregisteret vil vi råde deg til å leggje inn både mobiltelefon og epostadresse, då mykje av kommunikasjonen frå det offentlege vil foregå her i framtida. Du kan sjekke di eiga oppføring ved å gå inn på adressa over.

2. www.varslemeg.no

Dette er eit tilleggsregister der du kan registrere så mange nummer du vil pr adresse. Har du t.d. hemmeleg nummer, vil du ikkje automatisk motta melding. Om du ønskjer å få melding, kan du registrere deg via lenka over, og krysse av for hemmeleg nummer.

Ingen bedrifter ligg inne i systemet. Difor MÅ alle bedrifter som ønskjer å få melding, også registrere seg sjølve med ein eller fleire kontaktpersonar.