Høyring - forslag til kommuneplanens samfunnsdel 2026-2036 med arealstrategi og varsel om oppstart for revidering av kommuneplanens arealdel 2017-2027

Kommunestyret i Vågå kommune behandla i møte 16. desember 2025, sak 67/2025, forslag til kommuneplanens samfunnsdel 2026-2036 med arealstrategi og varsel om planoppstart for revidering av kommuneplanens arealdel 2017-2027. 

 

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunen sin overordna plan som tek for seg langsiktige utfordringar, mål og strategiar for Vågåsamfunnet. Det er utarbeidd ein overordna arealstrategi som er bindeleddet mellom samfunnsdelen og arealdelen. Planprogrammet tek for seg korleis revisjonen av arealdelen skal gjennomførast.

I samfunnsdelen er det vald ut tre hovudfokusområde som er:

  1. Eit berekraftig lokalsamfunn gjennom heile livsløpet
  2. Attraktivitet, næringsutvikling og stadutvikling i Vågå
  3. Natur, klima og samfunnstryggleik

 

Arealstrategi

Det er i samfunnsdelen utarbeidd ein arealstrategi som er ein langsiktige og overordna plan for arealforvaltninga. Arealstrategien er bindeleddet mellom samfunnsdelen og arealdelen for å sikre målretta revidering av arealdelen. Innspel til kommuneplanens arealdel vi bli vurdert etter dei prinsipp som følgjer av arealstrategien. Ein tydeleg arealstrategi vil gje forutsigbart for kommunen sin arealplanlegging og nedanfor følgjer ei opplisting av krav til nye innspelsområde og som må svarast ut:  

 

  • Nye innspel til framtidig område for fritidsbustader må ligge i område der det allereie er eksisterande fritidsbustader og etablert infrastruktur eller i forlenging av eksisterande infrastruktur. 

 

  • Innspel til nye utbyggingsområde til bustadformål bør ligge i tilknyting til bygdasentra der det er eksisterande infrastruktur eller i forlenging av eksisterande infrastruktur. Større bustadområde må etablerast langs etablerte og framtidige kollektivårer. Det bør vere gang- og sykkelveg til næraste grendesenter.

         (Forslagsstillar må sjølv utrede moglegheiter for VA løysingar der tilknytning til eksisterande anlegg ikkje er mogleg). 

 

  • Innspel for einskilde tomter for bustader og fritidsbustadar blir ikkje vurdert. 

        (Dette blir tatt som dispensasjonssakar). 

 

  • Berører arealinnspelet viktig fulldyrka eller dyrkbar mark, snaufjell, vassdrag skogsmark av høg bonitet eller myr? 

       (Innspel på dyrka jord blir ikkje vurdert med mindre det er utgreia andre løysingar som følgjer innspelet og det følgjer med ein matjordplan for gjenbruk av dyrka jord.)  

  • Grå areal må vurderast brukt som utbyggingsområde framfor urørt naturområde/skogsområde.

 

  • Er innspelt i konflikt med viktige natur- og friluftsområde?

         (Innspelet blir ikkje vurdert med mindre det føreligg ei vurdering av verknaden for natur- og friluftsområde. ) 

 

  • Er innspelet i konflikt med område som er verna, viktige naturtypar eller område med særskilte raudlista og/eller prioriterte artar?

        (Innspelet blir ikkje vurdert med mindre det føreligg ei vurdering av verknaden for naturen.)  

 

  • Er innspelt i konflikt med kulturlandskap eller andre viktige kulturminne?

     (Innspelet blir ikkje vurdert med mindre det føreligg ei vurdering av verknaden for kulturlandskapet og kulturminnet.) 

 

  • Er innspelt i konflikt med kjende naturfarar?

      (Innspelet blir ikkje vurdert med mindre det føreligg ei faresonevurdering og/eller sikringstiltak som viser at området kan utviklast) 

 

Dokument i saka finn de her:

Forslag til kommuneplanens samfunnsdel 2026-2036.pdf (PDF, 922 kB)

Arealstrategi Vågå kommune 2026-2036.pdf (PDF, 5 MB)

Skjema - Innspel til kommuneplanen sin arealdel.docx (DOCX, 22 kB)

Planprogram - revidering av kommuneplanens arealdel 2017-2027.pdf (PDF, 411 kB)

 

Innspel eller synspunkt til forslag til kommuneplanens samfunnsdel 2026-2036 med arealstrategi og planprogram for revidering av kommuneplanens arealdel 2017-2027 kan sendast til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå, eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 

Frist for å kome med merknad/innspel er 16. februar 2026