Høyring og kunngjeringar

På denne sida vil du finne oversikt over planar som er ute på offentleg høyring eller som er under behandling.

Kommunestyret har i møte 27.10.2022, sak 46/22, med heimel i plan- og bygningslova §12-12 godkjent framlagt forslag til detaljregulering for Fjellsida Lemonsjøen.

Nordplan AS varslar, på vegne av Krefter AS som tiltakshavar, i medhald av plan- og bygningslova § 12-8 oppstart av detaljregulering for næringsområdet Kolbotn II på Lalm i Vågå kommune.

Føremålet med planen er å legge til rette for industriføremål som opnar for etablering av datasenter, samt utnytting av mineralressursar med ein etterbruk som opnar for etablering av anlegg for utnytting av spillvarme.
Planen skal sikre at det kan etablerast annan næring/industri dersom datasenter ikkje vert aktuelt.

Planen fell inn under vedlegg 1 pkt. 24 i konsekvensutgreiingsforskrifta. Det er derfor utarbeidd eit forslag til planprogram som blir høyrt i samband med varsel om planoppstart.
Det varslast også om forhandling av utbyggingsavtale.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 har formannskapet i Vågå kommune gjort vedtak om å starte arbeidet med revisjon av kommunedelplan for klima- og energi. Forslag til planprogram blir med dette lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.

I medhald av plan- og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for gnr. 66 bnr. 227, Moavegen i Vågå kommune. Planen vil utarbeidast som ein detaljreguleringsplan, jf. pbl. § 12-3.
Tiltakshavar for planarbeidet er Vaage as.

Oppstartsvarsel gnr. 66 bnr. 227, Moavegen (PDF, 2 MB)
Referat oppstartsmøte gnr. 66 bnr. 227 Moavegen (PDF, 2 MB)
Annonse Moavegen (PDF, 83 kB)
Plangrense gnr. 66 bnr. 227, Moavegen (SOS, 2 kB)

 

 

Formannskapet har 23.9.2021, sak 48/2021, med heimel i pbl §§ 12-10 jf. 12-11, lagt ut forslag til detaljregulering for Industrivegen 29, gbnr 22/182 m.fl. til offentleg ettersyn. Planforslaget vil erstatte reguleringsplan for Vågåmo Aust for samanfallande område.

Planområdet er 5,7 dekar, ligg aust for Finna og omfattar heile eller delar av følgjande eigedommar: gbnr 22 bnr 182, 183, 202, 169, 77, 152, 159. Finnkanten Eigedom AS er forslagsstillar.

Formålet med planen er å ta i bruk den tidlegare OKB-tomta, gbnr 22/182, til kombinert formål bustad/forretning/kontor. Kjøretilkomst for forretnings-/kontorformål er frå Industrivegen og for bustadformål frå Vollvegen. Planen viser gangtilkomst til framtidig bru over Finna.

Plandokumenta ligg på heimesida www.vaga.kommune.no og i kartinnsynsløysinga. Planforslaget er også tilgjengeleg for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset.

Føresegner (PDF, 179 kB) 
Vedtak offentleg ettersyn F-sak 48/21 - 23.sept2021 (PDF, 3 MB) 
Plankart
Planomtale
ROS-analyse (PDF, 372 kB)

.

Uttale skal sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Eller som brev til: Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid, og i samsvar med § 12-9 vert det varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram for Jetlie hytteområde, PlanID 34350007.

Det vert samtidig varsla om oppstart av utbyggingsavtale, jf. plan- og bygningslova kapittel 17.  Planarbeidet vert utført av Olav Talle, org.nr. 926344838 i samarbeid med VA Prosjektering AS, på vegne av grunneigarane Johannes Sandbu (18/1), Harald Sve Bjørndal (20/1) og Odd Kåre Haugøy (22/2).

Føremålet med planarbeidet er fritidsbustader med parkering, vegtilkomst, skiløyper, stiar, friluftsområde og omsynssoner. Planområdet ligg på sørsida av Blåhøvegen, ca. 4 km opp frå Vågåmo, ca. 920 – 1000 m.o.h. Du finn også planområdet på kommunen si kartløysing under arealplaner/reguleringsplan/under arbeid. Du kan også søkje på plannavn Jetlie.

Innspel til planarbeidet kan sendast til:

Olav Talle på e-post: post@olavtalle.no, eventuelt pr. post til Olav Talle, Liavegen 49, 2953 Beitostølen.

Kopi til Vågå kommune: postmottak@vaga.kommune.no.

Høyringsfrist er 10. september 2021.

 

Vedlegg:

Formannskapet har 3.6.2021, sak 37/21 med heimel i plan- og bygningslova §§12-10, 11 lagt ut til offentleg ettersyn forslag til planendring for detaljregulering for Hoskelie. Planområdet ligg i Sjodalen aust for fv51 og omfattar 44 eksisterande fritidsbustader. Planforslaget opnar ikkje for nye hytter.

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 909 90 488
Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 480 69 256