Kommunalt vegfond i Vågå kommune
Det er mogleg å søkje tilskot frå det kommunale vegfondet i Vågå. Statuttane finn du her.
Statuttar for tildeling frå vegfond, vedteke i kommunestyret 18.2.2020, sak 8/20:
- Det må bu fastbuande langs den private vegen for å kunne søkje om midlar.
- Søknadsberettiga veg må vere på minimum 800 meter.
- Private hyttevegar, setervegar, skogsbilvegar og liknande kjem ikkje inn under ordninga.
- Det kan søkjast på midlar frå fondet, frå der den private vegen startar og fram til den inste innkjøringa langs vegen der det bur fastbuande. Gjennomfartsvegar der det er naudsynt å oppretthalde gjennomkjøring kan søkje for heile vegens lengde.
- Vegfondet blir i si heilheit fordelt likt på søknadsberettiga meter veg. Ved søknad kan vegar som faktisk fungerar som gjennomgangsveg får tilskot tilsvarande veglengda eller delar av veglengda x 1,5
- Søknadsfrist 1. mars for det året det blir søkt for.
- For å søkje på midlane må veglaget/innehavar av vegen være registrert med foretaksnummer i Brønnøysundregisteret.
- Tildelte midlar blir offentleggjort
- Utbetalingar av midlane seinast 15. mai.
Søknadsskjema (PDF, 26 kB)
Publisert av Roar Strand
Sist endret 07.03.2022 10.59